Facebook Instagram

Olaug Nilssen skapar program for Bjørnsonfestivalen 2024!

Gjestekurator for Bjørnsonfestivalen sitt program i 2024 er forfattar Olaug Nilssen!

-Vi er svært stolte av å presentere arrangementa ho har skapt til festivalprogrammet, og det har vore spennande å sjå både kva for tema og forfattarnamn ho har ynskja seg, seier festivalsjef Johild Kosberg Bredin. -Vi meiner at Olaug treff både på aktualitet og kvalitet, og publikum får møte forfattarar som ikkje har vore i Molde før, men også mellom anna ein tidligare vinnar av Bjørnsonstipendet.

Val av tema spenner frå utradisjonelt familieliv, nedbygging av natur i skjønnlitteraturen, kvinner sin situasjon i etterkrigstida, ålenemødre og til omsorg for barn med særskilde behov. I tillegg vil Olaug delta på bokbad om eigne bøker på Nesset Prestegard, leda av tidligare NRK-kritikar Marta Norheim.

-Eg gler meg til å komme til Molde med eit knippe framifrå og taleføre forfattarar, seier Olaug Nilssen.

Her finn du ei oversikt over Olaug sine arrangement:

Åleinemora på klassereise?

Plassen, sal Storyville, fredag 6.9 kl 19:00 - 20:00

Medverkande: Maria Navarro Skaranger, Sandra Lillebø og Sondre Midthun

Det er lenge sidan Carl I Hagen sa at åleinemødre «ved uansvarlig livsførsel» hadde seg sjølv å takke for at dei hadde hamna i ein vanskeleg situasjon. Korleis ser vi på åleinemødrene i dag?

Romanane “En fransk familie” av Sandra Lillebø og “Emily forever” av Maria Navarro Skaranger er begge samtidsromanar om kvinner som blir forlatne av kjærastane sine medan dei er gravide. Marianne i “En fransk familie” lever åleine med barnet i ein forstad til Paris, medan Emily lever åleine med sitt barn i Oslo. I denne samtala får vi bli betre kjende med Marianne og Emily og korleis dei blir framstilt i romanane. Både Maria Navarro Skaranger og Sandra Lillebø har uttalt seg offentleg om skjønnlitteratur og klassespørsmål, og i samtale med Sondre Midthun vil dei snakke om kva det vil seie å skrive og å bli lest i eit klasseperspektiv.

Kan de ikkje berre skrive ein kronikk?

Plassen, sal Storyville, torsdag 5.9 kl 20:30 - 21:30

Medverkande: Eivind Hofstad Evjemo, Sondre Midthun og Sandra Lillebø

Å skrive skjønnlitteratur om klimakrisa medan ho pågår, kan vere krevjande i ei tid då «politisk litteratur» er eit utskjelt omgrep. Kva vil forfattarane oppnå med å skrive fiksjon om bokstavleg talt brennbare tema?

“Den nye årstiden” av Eivind Hofstad Evjemo handlar om eit gardsbruk i Trøndelag. Romanen problematiserer den store utplantinga av sitkagran på 50-talet, viser klimaendringane gjennom korleis tørkeperiodar øydelegger for gardsdrifta og beskriv ein ubehageleg invasjon av flått. “En heldig løsning” av Sondre Midthun føregår i ei nær framtid prega av vassmangel og artsdød, der ikkje berre varmen og tørken er påfallande, men der også alt som er av nedbør kan føre til flaum og ras. Ingen av romanane presenterer seg sjølv som økoromanar, og ingen av dei har klimaendringane som hovudtema; derimot blir omstendigheitene lagt fram som karakterane sine livsvilkår. I denne samtala snakkar Eivind Hofstad Evjemo og Sondre Midthun med Sandra Lillebø om kva motivasjon dei hadde for å skrive om klimaendringar i romanane sine og om kva dei trur det er mogeleg å oppnå gjennom å skrive fiksjon om politisk brennbare emne.

Det andre familielivet

Plassen, sal Storyville, fredag 6.9 kl 17:30 - 18:30

Medverkande: Tina Åmodt og Anna Bache-Wiig

I romanen “Den andre moren” har Tina Åmodt beskrive ei mor som er redd for å feile som mor, kjæreste og partner. Må fasaden vere perfekt for å sikre donorfamiliens legitimitet?

I boka møter vi tobarnsmora Silje Marie, som strevar med kjærleiken til seg sjølv, til kona Helene og til barna Olav og Henry. Når Helene og barna er på sommarferie, ryddar og klargjer Silje Marie huset deira for oppussing. Samstundes grublar ho over forholdet og familien, og over dei vonde løyndomane ho ber på. Korleis skal forholdet overleve Silje Maries tidlegare utruskap? Er det eit svik å pleie omgang med ei åleinemor med eit barn som kanskje har same donor som Henry? Er Henry like mykje bror til dette barnet som bror til Olav? Må Silje Marie og Helene vere meir perfekte samfunnsborgarar enn heterofile middelklassepar? Og kvifor har Silje Marie så mykje internalisert homofobi?

Byttingen har flytta heim

Møre og Romsdal Kunstsenter, torsdag 5.9 kl 17:30 - 18:30

Medverkande: Heidi Mittun-Kjos, Eivind Hofstad Evjemo og Olaug Nilssen

Synet på personar med psykisk utviklingshemming har endra seg dramatisk på få generasjonar. Korleis er det å vere pårørande når idealet er at alle skal bu heime hos familien sin så lenge som mogeleg? 

Ifølge myten om byttingen, trudde folk tidlegare at underjordiske stal friske menneskebarn og la igjen sine eigne vanskelege trollungar. Kanskje var det denne overtrua som gjorde at «åndssvake» kunne bli sett ut i skogen og overlate til seg sjølve. I vår eiga nære fortid, føregjekk omsorgen for personar med psykisk utviklingshemming på store sentralinstitusjonar, og pårørande måtte sende barna langt bort. I dag bur dei fleste med psykisk utviklingshemming heime hos familien sin. Eivind Hofstad Evjemo har i fleire av sine romanar tematisert omsorg for personar med psykisk utviklingshemming, anten det er institusjonell omsorg eller omsorg frå pårørande. I romanen “Jenter i trær” av Heidi Mittun-Kjos, er forteljaren niesa til psykisk utviklingshemma Magni. I denne samtalen diskuterer Evjemo og Mittun-Kjos pårøranderolla før og no med forfattar Olaug Nilssen.

Husburet – heimeverande kvinner i etterkrigstida

Den Gode Smak, fredag 6.9 kl 12:00 - 13:00

Medverkande: Anna Bache-Wiig, Heidi Mittun-Kjos og Sandra Lillebø

Frigjeringa frå okkupasjonen var berusande. Men kor stor var fridomen i praksis for kvinnene? Anna Bache Wiig og Heidi Mittun-Kjos har skrive generasjonsromanar om kvinners vilkår då og no. 

Romanane “Jenter i trær” og “Til våren” har fleire tematiske møtepunkt, trass i svært ulik form. Begge handlar om heimeverande kvinner i etterkrigstida, der hovudpersonane Marta og Ingrid er husmødre som flyttar inn i nybygde heimar etter frigjeringa. Ingen av dei finn seg til rette i rolla, sjølv om dei begge har store håp og draumar om framtida. Marta og Ingrid lever på kvar sin kant av landet, men har det til felles at dei ikkje er i stand til å bryte ut av eller endre sin situasjon. Dei to romanane krinsar rundt tema som det å vere mor, trong til å bryte ut, generasjonskonflikter og relasjonar mellom kvinner frå etterkrigstida og fram til i dag – om den indre konflikta mellom ønsket om fridom og det grunnleggande behovet for å høyre til.

Yt etter evne, få etter behov

Nesset Prestegard, Sauefjøsen, lørdag 7.9 kl 19:00 - 20:00

Medverkande: Olaug Nilssen og Marta Norheim