Den sensasjonelle Mardøla-aksjonen i Eikesdalsfjella var «alle miljøaksjonars mor». Hør historia om verdas første sivile ulydigheitsaksjon for å verne natur.
Sommaren 1970 tok reporterar frå New York Times og Der Spiegel seg opp i fjerne, romsdalske fjell. Der hadde aksjonistar sett seg i vegen for utbygginga av den berømte Mardalsfossen og enda eit «vasstjuveri» frå dalføret. Noko slikt var aldri sett.
Blant aksjonistane var ni år gamle Marit Wadsten. No har ho skrive den aller første dokumentarboka om Mardøla-aksjonen: «Mardøla 1970. Aksjonen som endra Norge».
Møt Marit i samtale med bokas redaktør Svein Sæter, som også har skrive manuset til den sterkt kritikarroste musikalen «Spelet om Mardøla».
- Aksjonen tapte kampen om fossen og vatnet, men endra norsk miljøpolitikk for alltid. Berre to år seinare fekk Norge verdas første miljøverndepartement. Samtidig starta arbeidet med ein verneplan for vassdrag, seier Marit Wadsten.
Økofilosofen Sigmund Kvaløy Setreng bidrog sterkt til at Mardøla-aksjonen vart ein unik allianse mellom bygdefolk og tilreisande. Blant dei sistnemnte var ein busslast aksjonistar direkte frå jazzfestivalen i Molde.
Under arrangementet fredag 9. februar blir det vist bilde frå aksjonen, og boka «Mardøla 1970» er å få kjøpt.
Arrangementet er gratis og med fritt oppmøte for alle.
Stad: Kafé Kurt
Hjarteleg velkomne!