Dikt har ei magisk evne til å krysse landegrenser utan pass. Møt to diktarar frå Møre og Romsdal som skriv grenselaust.
Øyvind Rangøy debuterte på norsk med diktsamlinga «Dødsbu» i 2021; ei bok om «det ein arvar og dei ein arvar det frå».
Odd Goksøyr har i ein mannsalder dikta og gjendikta poesi, som poeten sjølv beskriv: “Talar til han på eit heimleg vis.” I gjendiktinga av den shetlandske lyrikaren Christine De Lucas “Glimt av opphav” møter poeten og gjendiktaren natur og menneskeskildringar som snakkar til han frå over Norskehavet, i eit språk som krysser klinger med hans eige.
I «Grenselaus heimstaddikting» møtes dei to til opplesing og samtale, om dikting, opphav og om å skrive på fleire språk.
Samtaleleiar er Endre Ruset.
Vestnes bibliotek torsdag 16.11 kl 13:00
Averøy bibliotek, NB! I kommunestyresalen, torsdag 16.11 kl 19:00
Arrangementa i samarbeid med Møre og Romsdal Forfatterlag og er gratis og opne for alle.