Facebook Instagram

Brynjulf Jung Tjønn på turné for Litteraturhus i Møre og Romsdal

Brynjulf Jung Tjønn skal på turné for Litteraturhus i Møre og Romsdal!

Han skal besøke ungdomskolar på dagtid, og i tillegg ha kveldsarrangement på eit utval bibliotek.

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vart adoptert til Norge og vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. Korleis var det for eit adoptivbarn å kome til landet vårt? Hadde ikkje alt vore betre om han var ein kvit, norsk mann? Då ville ikkje born ropt «Ching-chong-kinamann» etter han på gata eller spurt kor han eigentleg kjem frå.

I den sterke diktsamlinga «Kvit, norsk mann» skriv Brynjulf Jung Tjønn om oppveksten sin og draumen om å vere som alle andre. På turné for LiMR les han frå boka, gir publikum innblikk i utenforskap, ein fragmentert identitet, norsk rasisme og deler både kloke, triste og komiske refleksjoner om livet.

Brynjulf Jung Tjønn er forfatter, journalist og forlagsredaktør og har tidlegare skrive bøker for både born, ungdom og vaksne.

Publikum kan møte ham på arrangement her i mai:

Gjemnes bibliotek, 13.5 kl 19:00 - Fritt oppmøte utan gratisbillett

Kristiansund Bibliotek, 14.5 kl 19:00 - Gratisbillettar finn de HER!


Arrangementa er gratis og åpne for alle!

Velkommen!

Litteraturhus i Møre og Romsdal er støttet av: