UTSELD: På grunn av stor interesse blir det ekstra framsyning 26.1 kl 21:15 i sal Storyville på Plassen!
Høyrt masse om nobelprisvinnar Jon Fosse, men aldri lest han? Lest Fosse, men er nysgjerrig på mannen?
Velkommen til «Fosse for dumskallar», noko så sjeldant som ei lys og lett Fosse-forestilling!
«Fosse for dumskallar» er forteljingar, analysar og anekdotar om det største fenomenet som nokonsinne har kome frå Hardanger. Verdas fyrste nobelprisvinner med nynorsk som hovudmål!
Kven er han, kva skriv han, korleis skriv han, og kva var det eigentleg som skjedde då mannen som aldri skulle skriva for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar?
Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Og ikkje minst: Er Fosse så forbanna utilgjengeleg som folk skal ha det til?
Dette er dumskallens inngangbillett til Fosseriket. Og jamvel den vidarekomne kan henta med seg nokre nyttige studiepoeng.
Linda Eide har jobba som journalist og programleiar i Nrk radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho har mottatt ei rekke prisar for si formidling. Eide skriv også bøker og teaterframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Sidan 2017 har ho fronta programmet Eides språksjov, og gjort språkopplæring til laurdagsunderhalding på NRK1.
Sjur Hjeltnes er pianist, komponist og komikar og fast kapellmeister i Eides språksjov på Nrk.
FREDAG 26.1.24 kl 19:30 - Plassen, sal Storyville - UTSELD
EKSTRA: FREDAG 26.1.24 kl 21:15 - Plassen, sal Storyville
Info om tilgjengelighet i salene våre finner du HER.