Gjestekurator 2025: Linda Eide

Journalist, forfattar og programleiar Linda Eide er gjestekurator for Bjørnsonfestivalen 2025, og planlegg no kva slags gjestar og tema ho vil løfte fram på festivalveka i Molde og Nesset:

-Ei ære å bli spurt, så klart, ikkje kvar dag ein får bestemma noko som helst her i verda, så det var berre å gripe sjansen. Og så er det jo Bjørnsonfestivalen då, som eg personleg har gode minner frå, og som også heilt objektivt er ein superfin festival. Og då takkar ein heller ikkje nei, seier Linda Eide.

-Eg har stor lyst til dette, fordi det handlar om å snakka med spennande folk som driv med det mest interessante eg kan tenkja meg, nemleg å fortelja historier. Det finst jo eit hav av måtar å gjera akkurat det på, og mitt yndlingstema er å utforska:  Korleis fortel gode forteljar? Og kva skal til for at dei treff planken? 

-Vi likar å utfordre representantar for skrivekunsten til å sjølve skape innhold i eit utval  festivalarrangement, og ser fram til å presentere Linda Eide sitt ønskjeprogram i 2025, seier festivalsjef Johild Kosberg Bredin.

Arrangementa vil bli offentlege 6.5.25.

Tidlegare gjestekuratorar:

Tore Renberg og Hilde Sandvik (2023)

Olaug Nilssen (2024)

Neste programslepp er 6.5.25.

Neste
Neste

Første festivalslipp er klart!